Menn og samlivskurs

Bergens Tidende hadde 30. juni ein reportasje om samlivskursa "Godt Samliv".

I reportasjen møter vi eit sambuarpar der mannen tok initiativet til å gå på samlivskurs. Det vanlege er at kvinnene pressar på og dreg sine motviljuge menn med på samlivskurs.

Avisa har også eit intervju med kulturforsker Hilde Danielsen, som har forska på desse samlivskursa. Ho er tilknytt Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen.